GARANTI Eigedomsmekling Indre Sogn blir eigd av Årdal Boligbyggelag, og held til saman med dei i Storevegen 9, Øvre Årdal.
Me følgjer våre kundar frå A-Å i heile salsprosessen. Meklarane i GARANTI Eigedomsmekling Indre Sogn har god kjennskap til dei ulike burettslaga, nærområde til burettslaget og til marknaden. I tillegg har vi god erfaring på sal av fast bustad og fritidsbustad.
Me har fokus på best pris, tilgjengelegheit, lokalkunnskap og tryggleik for å ivareta deg og din formue på best mogleg måte. Dette er vår garanti til deg!
Desto meir målretta marknadsføring som treff riktige interessentar, tryggleik og informasjon vi kan gi interessentane og fleire namn vi har på lista, desto større er sjansen for å få seld til høgst mogleg pris. Vi skal gjere vårt beste for å oppnå det!